Forfattar nynorsk

 

Bokpresentasjon på Nordfjordeid, november 2017.

 

I denne forteljinga finn Bjørnen Tor ein vikingskatt på Stårheim (nær Nordfjordeid). Det var her eg vaks opp, og kor det ein gong budde vikingar - til og med ei dronning.

 

Dei reiste rundt på hav og fjord i velkonstruerte langskip.

 

Ein kopi av Noreg sitt største vikingskip blir i desse dagar bygd på Nordfjordeid.

 

Foto: Siri Kolseth

 

 

 

 

Har du draumar? Det har du sikkert, som meg.

Har du gløymt nokre av draumane du brukte å ha? Sannsynlegvis, slik eg hadde.

 

Så ein dag døydde far min. Av kreft.

 

Det å oppleve korleis han måtte forlate alle planane og draumane sine for framtida fekk meg til å tenkje på mine eigne.

Brukte ikkje eg å drøyme om å skrive bøker? Og kvifor fullførte eg aldri ei?

 

Eg visste svaret. Årevis med studiar, undervisning og fokus på ein økonomisk trygg kvardag, i staden for å stole på at mine kreative sider kunne skape ei inntekt.

 

Mens mannen Tor forlet oss, filosoferte eg over korleis livsgnisten, livsgleda, motet hans og vanen med å lage spontane songar forsvann med han.

 

Det var då ideen om Bjørnen Tor blei fødd. Ein ide om å overføre eigenskapane frå mennesket Tor til ein loden teddybjørn, og samtidig gjenopplive ein av draumane mine.

 

Denne gjenopplivinga førte til spørsmålet: "Kva kan du få til når målet er å lage og distribuere barnebøker om ein teddybjørn?

 

Eg starta reisa mot målet utstyrt med strikkepinnar og strikkegarn, eit kamera, skriveutstyr, drøssevis med idear - og endå fleire spørsmål.

 

Eg las mykje om sjølvpublisering og korleis ein kan trykke bøker gjennom "print on demand". At boka blir trykt først når kunden bestiller ho.

 

Så las eg mange barnebøker. Bøker eg brukte å lese då eg var lita, bøker eg brukte å lese for barna mine, og nyleg utgjevne bøker.

 

Deretter ga strikkepinnane og eg liv til Bjørnen Tor, maske for maske, og etter nokre veker var vi klare for å starte på reisa vår i lag.

Reisa starta på kjøkkenet vårt, der vi baka det som enda opp som ei blå og svært lite god kake.

 

Det å sjølvpublisere bøker, slik eg gjer, er kjekt. Alt du ser, les og høyrer i dette prosjektet er sannsynlegvis laga av meg.

 

Teddybjørnen. Kleda hans. Bilda, forteljingane, songane, utforminga av bøkene, bokomslaga, musikkvideoane (også bakgrunnsmusikk og synging), og til og med nokre av rekvisittane som er brukte i bilda.

Unntatt fuglereira i "dagsferie"-boka, som blei laga av fuglar eg ikkje kjenner identiteten til.

 

Håpar at desse fuglane ville vere stolte over å vite at "gjer-det-sjølv"- produkta deira no bidrar til å underhalde både unge og meir vaksne lesarar av den nemnde boka.

 

Draumen min var å skrive ei bok.

 

No er draumen at bøkene skal finne seg ein stad i hjarta til barn over heile verda. Fordi eg trur at det å dyrke ei gulrot, hjelpe nokon som treng hjelp, få lov til å bake ei kake utan oppskrift, leike i lag med venner i staden for berre å leike med teknologi, og å synge songar er viktige delar av ein barndom.

 

Og dette er hovudsakleg kva bøkene mine handlar om.

Håpar at du vil like dei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright © Lin-Marita Sandvik. All Rights Reserved