Nynorske bøker

Bjørnen Tor - Tor the Bear

NYNORSK

bøker

Bjørnen Tor finn vikingskatten


Har du nokon gong høyrt om plassen «Stodrheim»? Det hadde ikkje Bjørnen Tor, før han ein dag var på tur der og fekk høyre om mektige vikingar, ei flott dronning, vikingskip og skattar. Då han fekk høyre at det fanst ein skatt der framleis blei han ivrig: Denne skatten måtte han finne!

Bli med han på skattejakta, ein regnfylt haustdag i fagre Nordfjord - ein stad der det framleis finst vikingskip.


Bonus: "Viking - songen"

 


Bjørnen Tor feirar jul


Opplev vestlandsk julefeiring, frå første til siste dag i desember.

Bonus: "Bamsane sin nyttårssong"



Bjørnen Tor lagar ei gulrot


Følg prosessen frå eit lite frø til den herlege gulrota på bildet.

Bonus: "Gulrotsongen"



Bjørnen Tor reddar ein venn


Finn ut korleis ein fisketur førte med seg redningsaksjon og ein ny venn.

Bonus: "Klatre ned - songen"



Bjørnen Tor gjer ein dagsferie


Sjå om han verkeleg rekk å gjere ein heil ferie på ein dag.

Bonus: "Ferierapp"



Bjørnen Tor fer på øglejakt


Bli med når han drar til Barcelona for å finne ei øgle og gjere opp for seg.

Bonus: "Kle på seg - songen"

Bjørnen Tor blir meisterbakar


Sjekk om baking hjelper når ein kjedar seg, og få gode (?) baketips.

Bonus: "Smake - songen"



Lin-Marita Sandvik:

Idéer, tekst, foto, layout og bokutforming,

melodier, sang/ komp og videoer


Forlag:

Sandvikbok


Trykking og distribusjon: 

Ingramspark



Kontaktinformasjon:

 

Email: lms@bjornentor.no

lms@torthebear.no

 

BJØRNEN TOR

© Copyright. All Rights Reserved.